Kunngjering - detaljplan Giskeremen eigengodkjenning

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavarar og offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 08.02.2018, sak K-003/18, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Giskeremen.

Godkjend reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i pbl § 1-6. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan gjere gjennomføring av planen vanskeleg. Krav om erstatning etter pbl § 15-3, eller innløysing etter § 15-2, må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Krav om innløysing eller erstatning skal rettast kommunen. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning i medhald av reguleringsplan for å sikre gjennomføring av planen, jf. pbl kapittel 16.

Plandokumenta er lagt ut til gjennomsyn i resepsjonen i Giske rådhus, kommunen si facebook side og på kommunen si heimeside, www.giske.kommune.no, under kunngjeringar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal som klageinstans, jamfør plan- og bygningslova § 1-9 og Forvaltningslova kapittel VI, av partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse. Mogleg klage skal vere grunngjeven, merkast med arkivsak som synt over og sendast til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til post@giske.kommune.no. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jamfør fvl §§ 29 -31.

Vedlegg:

Viktige lenker

Ukraina