Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt beste | Fotograf: Haram kommune Haram kommune Sist endra 03.07.2025 14.45
Eigenberedskapsveka 2024 Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld ... Publisert 28.10.2024 kl. 08.08
Frivillegprisen 2024 Er det nokon som gjer ein særskilt frivillig innsats for innbyggjarane våre i 2024? Då bør du nominere vedkomande til Frivillegprisen 2024. Frist for ... Publisert 16.05.2024 kl. 12.16
Rekordinnsamling frå Giske kommune Giske kommune har sprengt alle tidlegare rekordar med hittil kr. 702 000,- innsamla! Publisert 21.10.2024 kl. 10.00
Heimevernet har øving på Vigra 23.-25. oktober Ålesund HV gjennomfører den årlege øvinga 19.-25. oktober. Publisert 21.10.2024 kl. 08.16
Ny teneste for sikker innsending av dokument - Oppdatert informasjon om eDialog Giske kommune har tatt i bruk eDialog som skal nyttast når privatpersonar, bedrifter og organisasjonar sender oss dokument. Då kan dei vere sikker på ... Publisert 18.10.2024 kl. 11.42
Vaksinering hausten 2024 Giske kommunale legesenter mottek influensa- og korona-vaksinar i veke 42. Vi startar vaksinering 15.10.24. Publisert 11.10.2024 kl. 13.16
Informasjon frå Giske eldreråd om vellukka eldrefest på Nestun den 6. oktober 2024 Søndag 6. oktober arrangerte Giske eldreråd årets eldrefest på Nestun, Giske. I eit øsande regnvêr samla opp mot 100 personar seg for å feira den inte... Publisert 09.10.2024 kl. 15.23
Ny forskrift for SFO frå hausten 2025 Giske kommunestyre har vedtatt ny forskrift for SFO som skal gjelde frå 01.08.2025. Publisert 02.10.2024 kl. 13.52
Endring i vedtektene for kommunal kontantstønad frå Giske kommune Giske kommune innførte frå 2013 ei eiga ordning med kommunal kontantstønad. Publisert 01.10.2024 kl. 15.38
Planstrategi 2024 - 2027 Giske kommunestyre vedtok i møte 26.09.2024 planstrategi for perioden 2024 - 2027. Publisert 30.09.2024 kl. 15.58