Ope møte med presentasjon av budsjett for 2026 og økonomiplan
Kommunedirektør Karl André Birkhol inviterer innbyggarar og alle interesserte til open presentasjon av budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029.
Møtet blir på kommunestyresalen på rådhuset, (Valderhaug 4) mandag 17. november kl. 18-20.
Tema:
- Korleis finne fram i budsjettdokumentet som ein finn lenke til på Giske kommune si heimeside
- Orientering om budsjett og økonomiplan
Det vert høve til spørsmål for avklaring frå publikum.
Kommunedirektøren mottek gjerne innsendte spørsmål på førehand. Send epost til:
Karl.Andre.Birkhol@giske.kommune.no
Det blir servert kaffi og ein kjeksbit. Velkomen!
Sist endra 14.11.2025 10.50