For å ha eit samfunn som fungerer godt i alle slags situasjonar, er det viktig at kvar enkelt verksemd har førebudd seg på å handtere ulike hendingar og kriser. Dette er viktig for verksemda sjølv, men også for alle som er avhengige av kva verksemda di leverer. Verksemder som har ein «plan B», gjer Noreg meir robust.
DSB tilrår at alle verksemder har ein plan for kva dei gjer ved ulike kriser. Det vil bidra til å auka motstandskrafta mot alvorlege hendingar.
Her kjem fem konkrete råd for å styrkje beredskapen i bedrifta di.
1. Kartlegg kritiske område
Kartlegg kva aktivitetar eller område verksemda består av. Kva for nokre av desse aktivitetane er dei mest kritiske, og kva for nokre interne aktivitetar er de avhengige av?
2. Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans
Gjer ei vurdering av kva som vil vere konsekvensane av forstyrringar eller avbrot i verksemda. Dette kan vere økonomi og omdømme, men like alvorleg om enkeltpersonar eller andre verksemder er heilt avhengige av leveransar frå verksemda di. Det kan vere krav og avtaler med kundar, men også reguleringar i lov for forskrift som set krav til leveransane frå verksemda.
3. Skaff oversikt over avhengnader
Få oversikt over kva ressursar som dei viktige aktivitetane i verksemda er avhengige av. Dette gjeld både interne ressursar som verksemda sjølv har kontroll over, og eksterne ressursar der ein er avhengige av leverandørar.
4. Gjennomfør tiltak for å sikre drift
Vurder nødvendige tiltak for å kunne sikre drift ved ulike hendingar. Dette kan vere hendingar som rammar viktige ressursar, uansett årsak. Tiltak kan vere både førebyggjande, gjenopprettande og for å skapa redundans.
5. Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering
Planleggingen bør også inkludere korleis verksemda skal gjenoppretta aktivitetar og komma tilbake til normal drift etter ei hending.
Kjelde (DSB): Råd om egenberedskap for virksomheter