RIVE STØTTEMUR

Her vil du få ei rettleiing til korleis du bør planlegge riving av støttemur 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om riveprosjektet er:  

  1. Søknadspliktig eller ikkje, her under om du kan :  
    - Søke sjølv, eller 
    - leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg.  

  2. i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom 

Søknadspliktig eller ikkje?

Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på di private datamaskin, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.  

Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i undervegs i planlegginga.  

Generelle illustrasjonar (PDF, 314 kB)
HJELPEDOKUMENT_RIVE_STØTTEMUR (DOCX, 27 kB)

 

I tabellen under har vi lista opp krav for riving der du ser om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje.  

 

For å sleppe å søke kommunen om byggeløyve ved riving av støttemur må krav som er lista opp i tabellen under vere innfridd. Blir ikkje krava innfridd er rivinga søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg.  

Støttemur 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

 

 

Riving av mur som har ei høgde under 0,5 m. 

Muren kan vere plasserast i eigedomsgrensa. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

 

Riving av mur som har ei høgde under 1,0 m. 

Avstand til eigedomsgrense er minst 1,0 m. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

 

Riving av mur som har ei høgde under 1,5 m. 

Avstand til eigedomsgrense er minst 4,0 m. 

Tiltaket er søknadspliktig, og ein fagperson må søke for deg, dersom krava ikkje blir innfridd 

 

 

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

   

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.