Det er lett å komme i kontakt ved bruk av digitalt kontaktskjema. Du treng ikkje tilvising frå lege eller andre.
Viktig: Det digitale kontaktskjemaet skal signerast med BankID. Alle som skal signere, må fullføre signeringa for at vi skal kunne motta og behandle skjemaet.
Er du forelder eller ungdom (over 16 år), kan du ta kontakt med oss ved å fylle ut eit digitalt kontaktskjema. Du vil få den første fysiske avtalen innan 2–3 veker etter at førespurnaden er motteken. Er du usikker på om vi er rett for deg, kan du gjerne nytte telefontida til spørsmål eller rettleiing. Er du forelder og uroa for barn/ungdom, tilrår vi deg å bruke BTI-modellen.
Er du lærar, helsesjukepleiar, tilsett i barnehage eller i ei anna teneste som ønskjer å melde inn behov på vegne av familien, tek du først kontakt med oss i telefontida før du sender ein skriftleg førespurnad med digitalt kontaktskjema. Er du uroa for barn eller ungdom, tilrår vi deg å bruke BTI-modellen.
Informasjon om telefontid:
Du kan nå ein i teamet måndag til torsdag mellom kl. 12.00 og 13.00. I dette tidsrommet er vi tilgjengelege for foreldre, ungdom og samarbeidande tenester for drøfting, rettleiing og vurdering av kva som kan vere rett hjelpeinstans for barnet eller ungdommen. Du kan kontakte oss på telefonnummer 907 10 960.
Ved behov for akutt hjelp, ring 116 117. Ved livstruande situasjonar, ring 113.
Kontaktskjema for psykisk helseteam barn, unge og familiar