Psykisk helse og rustenesta

Utfordringar med psykisk helse, uheldig rusbruk og anna avhengighet kan ramme alle. Det kan vere ulike årsaker til dette, både personlege erfaringar og kriser som rammer.

Ein kan ha behov for hjelp i ei avgrensa periode, andre har meir alvorlege og langvarige utfordringar. 

 

Psykisk helse og rustenesta er eit tilbod til alle over 18 år som er bosatt i Giske kommune. Her vil ein få tildelt ein kontaktperson som er ein del av eit tverrfagleg team.

Vi ønsker å hjelpe brukarane til auka sjølvstendighet samt å betre kunne mestre eige liv. Dette meiner vi er viktig for å hindre utvikling av meir alvorlege lidingar. I tillegg har vi fokus på å forebygge psykiske lidingar og uheldig rusbruk.

Tenesta består av

  • Individuelle samtaler
  • Miljøterapi 
  • Sjølvhjelpskurs over internett – se meir her
  • Psykoedukasjon; lære deg korleis ei psykisk liding eller ei krise kan påverke oss
  • Tilvising til behandling ved poliklinikk eller institusjon ved uheldig rusbruk.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre involverte instansar.
  • Ivaretaking av pårørande i vanskelege livssituasjonar

Har du utfordringar med rusbruk eller pengespel, eller er du pårørande til nokon med avhengighetsproblematikk kan du trykke her eller gå inn på lenka øverst på sida for å få meir info.

Kven er vi?

Vi er eit tverrfagleg team beståande av psykolog, sosionomar, barnevernspedagog, og psykiatriske sjukepleiarar. Fleire har gjennomført utdanning innan kognitiv terapi.

Vi oppmodar til samarbeid med andre instansar om dette er hensiktsmessig, til dømes; fastlege, helsestasjon osv.

Vi har teieplikt som all anna helsepersonell.

Har du behov for tenester frå psykisk helse og rustenesta?

Du kan be fastlegen din tilvise deg til oss, eller legge igjen informasjon i kontaktskjema under.

 

 

Akutt hjelp

Har du behov for akutt hjelp eller har tankar om å ta livet ditt, ta kontakt med legevakta på telefon 116 117 eller fastlegen din på dagtid for akutt-time. 

 

Kontaktinformasjon

Psykisk helse og rustenesta
Telefon 90 05 91 00

Ikkje for tilvising