I arbeid med enkeltbarn samlar PPT informasjon gjennom samtale med barnet, føresette, tilsette i skulen/ barnehagen, observasjon og eventuell testing. Etter kartlegging utarbeidar PPT ei sakkunnig vurdering som seier noko om kva skulen/ barnehagen kan gjere for å leggje best mogleg til rette for utvikling og læring.
PPT får dei fleste tilvisingar frå barnehage og skule, men foreldre eller eleven sjølv kan søke hjelp ved å ta kontakt med tenesta. Tilvisning skal alltid skje i samarbeid med føresette, ingen kan tilvise PPT utan føresette sitt samtykke. Tilvisar skal også drøfte med PPT om det er ei aktuell sak for oss før den sendast. PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke.
Tenesta er gratis og du kan ta kontakt med dei tilsette mellom 08.00 og 15.30. Dersom du ikkje får svar kan du legge igjen beskjed til servicekontoret på tlf 701 88 000, og vi vil ringe deg opp igjen.
Vi har fokus på tidleg innsats. PPT er samorganisert i tverrfagleg eining for Barn, familie og helse (BFH). For meir opplysningar og skjema sjå via startsida: Helse levekår- Helse, barn og unge- PPT .
Tilsette ved PPT:
Nina Nordmark 417 01 930 (avdelingsleiar)
Gro Nærø 417 01 934
Vigdis Paulsen Myklebust 970 95 033
Arne Opheim 701 88 056