Legetenesta

Legekontoret i Giske kommune er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Kommuneoverlege er Anne Line Sommerdalen.

No kan du bestille og avbestille time på SMS eller på nett via heimesida til Legekontoret i Giske

SMS:

GISKE + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til telefonnummer 2097.

Internett:

Gå til www.legekontoretgiske.no

Der kan du bestille og avbestille time og bestille fornyinga av resept.
SMS- og nettenesta må ikkje brukast ved øyeblikkeleg hjelp.

På heimesida til Legekontoret i Giske får du fleire opplysningar om bestilling og annan informasjon.

Du kan og laste ned appen "Helserespons" som enkelt kan nyttast til timebestilling, fornying av reseptar etc.

For informasjon om fastlegeordninga og for å bytte fastlege, gå til: www.fastleger.no

 

Ålesund interkommunale legevakt
Frå og med 22.03.17 finn du Ålesund interkommunale legevakt og Overgrepsmottaket, i nye Ålesund lokalmedisinske senter (tidlegare Åse Sjukeheim) på Åse. 

Ålesund interkommunale legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunene: Ålesund, Skodje, Haram, Sula, Stranda, Stordal, Norddal, Ørskog, Giske og Vestnes. Legevakta administrerast av Legetjenester og akutt beredskap i Ålesund kommune. Legevakta nytter du viss du har behov for lege alle dagar mellom kl.22-08.

Telefon: 116 117

Om overgrepsmottaket
Overgrepsmottaket er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og Ålesund kommune. Mottaket dekker heile Sunnmøre. Overgrepsmottaket gjeld for både seksuelle overgrep og vold i nære relasjonar. Overgrepsmottaket administrerast av Legetjenester og akutt beredskap i Ålesund kommune.

Telefon: 116 117