Psykisk helseteam for barn, unge og familiar

Vi er eit tilbod for barn og unge frå 0-18 år, og familiane deira.  

Vi jobbar med utgongspunkt i born og unge si psykisk helse, og ser på foreldra som svært viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet. 

Born og unge kan oppleve vanskelege kjensler og tankar, og foreldre kan oppleve foreldrerolla og familielivet som utfordrande i periodar. Psykisk helseteam for barn, unge og familiar jobbar for at barn, unge og foreldre på ein enkel måte kan få hjelp i heimkommuna når dei treng det.
 

Tema vi jobbar med kan vere: 

  • Relasjonar i familien
  • Foreldrerettleiing 
  • Angst 
  • Nedstemtheit
  • Sjølvskading 
  • Oppfølging etter utredning ved BUP
  • Mistilpasning i skule/barnehage og/eller fritid
  • Spiseproblematikk
  • Kjønnsidentitet
  • Tvangstankar/handlingar
  • Bearbeiding av vanskelege hendelsar
  • Rus

Vi tilbyr: 

  • Foreldrerettleiing
  • Individualsamtalar med born/unge, gjerne med foreldra til stades ved behov
  • Familieterapi, samtalar for å betre relasjonar innad i familien
  • Rettleiing til barnehagar/skular 
  • Observasjonar i skule og barnehage
  • Heimebesøk/samspelsobservasjon i heimen
  • Drift av barnegrupper og foreldregrupper for barn med autisme
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar kring barnet/ungdomen 

 For meir info om samararbeid les Barn og unges helseteneste - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no


Det er enkelt å kome i kontakt med oss, ein treng ikkje henvising frå lege eller andre. Foreldre/ungdomar sjølv kan ta kontakt via telefon, eller fylle ut henvisingsskjema. Andre instansar kan melde inn behov på vegne av born og unge, enten via  skjema, då med samtykke frå foreldra. 

 

TALK prosjektet

Klikk på dei ulike temaene for utfyllende informasjon
TALK prosjektet (høgtfungerende autisme)

Det overordna målet av TALK prosjektet er meistring av eige liv hos personar med høgtfungerende autisme i Giske kommune. Formålet med prosjektet er å utvikle meistringstru og relevant kompetanse slik at personen som vaksen kan delta i arbeidslivet, vere mest mogleg økonomisk uavhengig, ha eigen bustad og vere del av eit fellesskap.

Prosjektet har som mål å utvikle eit godt heilskapleg tilbod til born, unge og vaksne med høgtfungerande autisme i Giske kommune. Prosjektet tar sikte på å heve kompetansen i alle ledd i kommunen og å utvikle konkrete tiltak/tilbod/verktøy. 

TALK prosjektet starta opphavleg i 2015 i skulene. Effekten av prosjektet var vurdert som svært god og det var bestemt å utvide prosjektet til også å omfatte barnehage og helse/omsorg. Det vart oppretta prosjektgruppe for barnehage i 2018 og prosjektgruppe for helse/omsorg 2020.

Prosjekteigar er Giske kommune v/kommunedirektør. PPT leiar Nina Nordmark har vert opphavsmann og initiativtakar til prosjektet, og er prosjektleder for skulene. Kommunepsykolog Karolina Debska er prosjektleder for helse og omsorg

TALK i skuler og barnehagar

Grunnkurs om autisme til alle som jobbar på skuler og barnehagar 1 gang per år (september).
Arbeidsseminara 5 gangar per år til dei som jobbar direkte med barnet/ ungdommen

Autisme ungdomsgruppe  

Autisme ungdomsgruppe  
Har du Asperger syndrom/ høytfungerende autisme, er mellom 16 og 26 år og bor i Giske kommune?

Du kan vare med på en ungdomsgruppe som har starta i februar 2021. Vi møtes annenhver uke i 2 timer og har fokus på de sosiale aktivitetene som kvar enkel ønsker/likar å holde på med. I løpet av økta er det servert pizza og brus.

Målet med denne gruppa er å treffe andre som har det litt på samme måte som deg og ha det hyggelig samen, å få en sosial møteplass, samt å bli bedre kjent med deg selv gjennom økt kunnskap om autisme.
Dei som er interesserte i å delta, vil bli kalt inn til enesamtale der dei vil få meir informasjon om gruppa, vil bli kjent med gruppeledere og får se lokale kor vi møtas.

Gruppeledere:

Julie Roald. Julie er helsefagarbeider og  jobbar til daglig på bufelleskapa på Valderøya

Benedict Absalonsen. Benedict er miljøarbeider og jobbar til daglig på bufelleskapa på Valderøya og Godøya

Møtested: Valdervoll Klubbhus
Dato: annankvar måndag kl. 17.00- 19.00

Påmelding eller spørsmål: Benedict Absalonsen, tel. 40235628 benedict.absalonsen@giske.kommune.no; Julie Roald tel. 98667901 julie.rendal.roald@giske.kommune.no

Autisme foreldregruppe

Er du/dokke foreldre til barn/ungdom/vaksen med autismespekterdiagnose og bor i Giske kommune?

Du/dokke er hjerteleg velkommen til å bli med på en foreldregruppe som har starta i januar 2022. Sjølv om gruppa er allereie oppstarta så er det framleis muleg å melde seg på.

Målet med denne gruppa er å danne nettverk, skape møteplass kor man kan dele tankar og opplevingar, få støtte og forståing, men også få økt kunnskap om ressursar og utfordringar knytta til autisme, samt om rettighetar som du/dokke og dokkes barn har.

Gruppa møtas 1 gang per månad, og vare i 1 time og 45 min. Gruppa er hovudsakeleg retta mot foreldra, men viss det er ønskeleg at andre vaksne familiemedlemmer er med, kan det diskuteras med oss. Til en av samlingane skal det inviteras søsken saman med foreldra.

Viss du/dokke er interesserte i å delta, vil vi avtale med deg/dokke en forsamtale der du/dokke vil få mer informasjon og vil bli kjent med oss gruppeledere. Vi vil gjerne høre om dine/dokkes ønskar og behov knytta til en slik gruppe, og utforme den ut ifra den tilbakemeldingen. Våre hovudtankar med ei slik gruppe er å øke kunnskap om vanskane og skape en trygg og sosial møteplass for foreldre med autistiske barn i Giske kommune.

Gruppeledere:

Katrin Ekroll Riise. Katrin jobbar til dagleg som fagkoordinator på bufelleskapa på Valderøya. Ho er vernepleier og ho har vore aktiv i autismeforeningen. Hun har en voksen sønn innan autisme spekteret.

Rune Skog. Rune jobber til dagleg som barnevernkonsulent i Giske BV. Rune har erfaring med autisme som pårørende.

Karolina Debska (for tiden ute i permisjon). Karolina er kommunepsykolog i Psykisk helseteam for barn, unge og familiar i Giske kommune. Jobba tidlegare på BUP i Ålesund og har brei erfaring med utgreiing  av bl.annet autisme. Karolina koordinerer TALK prosjektet for helse og omsorg, og som har for hovudmål å auke kompetanse blant de kommunale tilsette om autisme og skape fleire og betre tiltak retta mot den gruppa av innbyggarar som har de vanskane. 

Møtested: Kommunestyresalen på rådhuset (i 3.etasje).en onsdag i månaden kl. 17.00 – 18.45.

Påmelding eller spørsmål: ta kontakt med Rune Skog, tel. 99390050 rune.skog@giske.kommune.no

Autisme barnegruppe (10 – 14 år)

Denne gruppa er aktuelt i en planleggingsfase. Meir informasjon kjem etter kvart.

Kompetansehevende seminarer og fagdager for ansatte og pårørende

Kompetansehevende seminarer og fagdager for ansatte og pårørende

Fagdag 1

29.09.2021 på Valdervoll klubbhus. 60 påmeldte, for det meste ansatte i Giske kommune, men også noen pårørende.

Program 

Kl.9.00 – 10.30 – kjenneteikn og vanskebilete, autisme introkurs av Nina Nordmark/PPT og kommunepsykolog Karolina Cytarzynska

Kl.10.30 – 11.30 – presentasjon av TALK prosjektet og diverse tiltak som eksisterer, samt nye som skal setjast i gang i Giske kommune. Fagkoordinator Katrin Riise og kommunepsykolog Karolina Cytarzynska 

Kl. 11.30 – 12.15 – lunsj 

Kl. 12.15 – 13.45 – Oscar Daniel Eidset forteller om sitt liv med autisme 

Kl. 13.45 – 14.20 – gruppearbeid

Kl. 14.20 – 14.30 – oppsummering og avslutning 

Fagdag 2

28.03.2022 på Øygardshallen. Ca 140 påmeldte, både kommunalt ansatte, stor gruppe pårørende (ca 30), ansatte fra Ålesund kommune og Sula kommune.

Som ledd i TALK prosjektet arrangerer Giske kommune fagdag for både pårørande og kommunalt tilsette  som skal arbeide med barn/ungdom/vaksne med diagnose innanfor autismespekteret eller med andre type utfordringar;  for eksempel emosjonelle-, sosiale- og atferdsvanskar.

Forelesarar er Bente Hasle og Emily MacPherson.

Bente er førsteamanuensis i sosialfag og utdanna barnevernspedagog med mastergrad i spesialpedagogikk. Ho har sidan tidleg på 2000-talet, vore opptatt av og forska på pårørande sin situasjon.  Ho har både eigenerfaring som pårørande til eit barn som har hatt utfordringar, og har skrevet doktorgrad om temaet med tittelen:  «Kjærlighet og verdighet i tilfriskningsprosesser».  Doktorgrada omhandlar det Bente kallar «Foreldrakrafta» og på fagdagen skal ho snakke om korleis denne «krafta» kan hjelpe fagfolk til å forstå foreldre og andre nærståande betre.

Emily har to yngre søsken, og yngstebroren er diagnostisert med autisme og ADHD. Ho brenn for at menneskar med funksjonsnedsetting har rett til å delta på lik linje med andre i samfunnet. Ho skal dele erfaringar frå oppveksten sin og det å være søsken til ein bror med diagnosar.

     Program

Kl. 8.30 – 9.00 – registrering og kaffi

Kl. 9.00 – 9.10 – kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth ynskjer velkomen

Kl. 9.10 – 10.00 -  ekspress - autismekurs av Nina Nordmark/PPT og kommunepsykolog Karolina Cytarzynska

Kl.10.00 – 11.30 – Bente Hasle: «Foreldrekraften»

Kl. 11.30 – 12.15 – lunsj

Kl. 12.15 – 13.00  – Bente Hasle, fortsettelse

Kl. 13.00 – 14.00 – Emily MacPherson: «Meir enn ei søster»

Kl. 14.00 – 15.30 – Bente og Emily: refleksjonsutveksling, spørsmål  frå publikum, oppsummering og avslutning

 

 

          Telefonnummer:

          900 37 511 eller 970 54 318

               (mån.-fre.  08.00-15.30, og med telefontid 12.00-13.00)

 

Kontaktskjema for PHBUF-norsk (PDF, 219 kB)

Kontaktskjema for PHBUF-English (DOCX, 39 kB) (English version)

Send skjema til: 

Psykisk helseteam for barn, unge og familier

Valderhaug 4, 6050 Valderøy                                                 

 

Bilde av barnestøvler i ein sølepytt - Klikk for stort bileteBilde av mobiltelefon - Klikk for stort bilete Børge Sandnes