Høyring - utkast til lokal forskrift om godtgjersle til folkevalde

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

Giske kommune legg her ut til høyring utkast til ny lokal forskrift: «Forskrift om godtgjersle til ordførar og folkevalde i Giske kommune».  
Utkastet er utarbeidd etter Kommunelova §§ 8-3, 8-4, 8-5, 8-6, 8-7, 8-8, 8-9 og 8-10.

Høyringsfrist: 15. mai 2020.

 

MERK: Det var trykkfeil i første vedlegg, oppretta vedlegg ligg ved denne meldinga.

Giske kommunestyre vedtok i møte 13.06.2019, sak 041/19, reglement for godtgjersle til folkevalde i Giske kommune. Dette reglementet stettar ikkje formkrava til forskrifter i forvaltningslova. Kommunedirektøren har difor funne det nødvendig å utarbeide eit nytt forslag som stettar desse krava – sjå vedlegg under. Forslaget bygger på ein mal utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Den nye kommunelova (kl.), LOV-2018-06-22-83, som trådde i kraft frå konstitueringa av nytt kommunestyre hausten 2019, slår fast at kommunestyret skal gi forskrift om folkevalde sine rettar til dekking av utgifter og økonomisk tap (§ 8-3), arbeidsgodtgjersle (§ 8-4), ettergodtgjersle (§ 8-6) og permisjonar (§ 8-10). Det inneber m.a. at krava til forskrifter i forvaltningslova, LOV-1967-02-10, (fvl.) kap. VII må vere oppfylte. Lova stiller m.a. krav til korleis forskrifter skal utformast, at dei skal høyrast og at det gjeld serlege krav til kunngjering for at kommunen skal kunne bruke reglane.

Innspel til forslaget kan sendast skriftleg til post@giske.kommune.no eller Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Høyringsfrist: 15.05.20.

Vedlegg i denne lenka: