Status Giske kommune søndag 15. mars

Slik er situasjonen med omsyn til koronasmitte i Giske kommune søndag 15. mars kl. 11.00.

 

Status bekrefta smittetilfelle i Giske: 1

Mange er i karantene. Dei fleste på bakgrunn av at dei har vore på reise i utlandet i løpet av dei siste to vekene. Vi vil på det sterkaste minne kvar enkelt om kor viktig det er å ta karantenebestemmelsen på alvor.

Og for alle gjeld eit viktig råd: Hald kontakt med dine næraste. Still opp for dei som treng hjelp til handling, henting av medisin osv. Bruk telefonen.

Det kviler eit ekstra ansvar på næringslivet til å sjå til at dei tilsette fylgjer dei vedtekne reglane.

 

Legetenesta

Som tidlegare opplyst har ein no nokre utfordringar i legetenesta i Giske. Etter at ein fekk ei positiv koronaprøve hos ein tilsett ved kontoret må ein legge om tenestene litt.

Det som er viktig for pasientane å vite er at INGEN treng kontakte lege som fylgje av denne situasjonen. Alle som har vore i kontakt med den smitta er registrert og kontakta.

Det kan bli endringer i drifta av Giske kommunale legesenter dei kommande dagane. Dei eventuelle endringane vil bli meldt frå om både direkte til dei som har timeavtaler og her på nettsidene til Giske kommune.

 

 

Hygiene i butikken

Butikkene er risikoområder med tanke på smitteoverføring. Det er nå av største viktighet at man iverksetter gode smitteverntiltak.

Vi vil minne alle, både kunder og tilsette, på rutinene for god hygiene. Ein må ha spesiell fokus på reinhald og hyppig desinfeksjon av gelendere, håndtak, betalingsautomater, toaletter/kraner og andre stader der folk er borti med hender. Dette bør skal minst 3 gonger dagleg.

Det er og veldig viktig at alt søl på golv vert rydda opp straks med eingongsklutar. Desse skal kastast i søppel straks.  Koronavirus er følsom for desinfeksjonsmidler som Virkon, Perasafe og alkohol (overflatedesinfeksjon). Husholdningsklor kan også nyttast  i konsentrasjon minimum 0,1% konsentrasjon i reinhold.

 

Nye reiseråd

Regjeringa gjekk laurdag ettermiddag ut og meldte at alle flyplasser vil verte stengt for utanlandstrafikk frå måndag morgon. Dette gjeld og flyplassen på Vigra. Det vert likevel sett opp fly slik at folk frå Norge kan ta seg heim til landet. Dette er det dei enkelte fly- og reiseselskapa som får ansvaret for.

Vi minner og om at alle som kjem heim frå utlandet skal i karantene i to veker.

 

Unngå store samlingsplassar

Koronaviruset spreier seg gjennom nærkontakt. Difor er det veldig viktig at barn og ungdom som no ikkje er på skulen ikkje samles på kjøpesenter og andre møtestader. Det er veldig viktig at ein unngår at kjøpesentera blir brukt som opphaldstad og treffpunkt for barn og unge.

 

Gå gjerne turar ute. Er ein fleire saman, hald avstand.

 

 

Dette gjeld framleis:

Skule/barnehage

Alle skulane og barnehagane er som kjent stengde og vil verte det også framover. Frå måndag vil ein setje i gang med undervisning på digitale plattformer.

Barn med særskilde omsorgsbehov vil bli spesielt tekne vare på gjennom direkte kontakt med kvar skule/barnehage.

Vi viser til dei retningslinjene som ligg på Giske kommunes heimesider: https://www.giske.kommune.no/koronavirus/status-giske-kommune/

Helse

Det er framleis besøksforbod på omsorgssentera og bukollektiva. Dersom det skulle vere heilt spesielle behov så må ein ta kontakt med senteret for direkte avtale. Vi ber om at dette berre vert gjort i alvorlege tilfelle.

Det er og grunn til å minne om at ein må vise varsemd med besøk i heimane, spesielt til dei som høyrer til risikogrupper (eldre og sjuke). Det er viktig å ta vare på kvarandre, men no er det kanskje rettare å bruke telefon og digitale medium der dette er mogleg. Eit slikt tiltak kan vere å hjelpe dei som ikkje sjølve kan reise ut å handle.

 

Spørsmål og opplysning om korona, ring 815 55015 eller Helsenorge.no

Jordmortenesten vil halde fram som vanleg, men dei andre funksjonane på helsestasjonen er stengt inntil vidare.

Kommunaldrift

Rådhuset er stengt for besøkande, men dei tilsette er på jobb slik at dei som må ha personleg kontakt kan gjere avtale om dette direkte.

Det same gjeld NAV Giske.

 

 

Situasjonen endrar seg stadig. Vi oppmoder alle om å halde seg orientert på nettsida fhi.no

Bruk og nettsidene til avisene og nrk.no