Giske kommune sine tiltak mot koronasmitte

Lurer du på kva som er Giske kommune sine to viktigaste tiltak mot covid-19?

Og kvifor skulane og barnehagane er på grønt nivå?

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen fortel om dette i denne videoen.

 

 

Her er hovudpunkta kommuneoverlegen fortel om:

  • Testing
    • Testing av alle som kan vere utsett for smitte.
    • Stoppe smittespreiing ved at dei som er smitta blir sett i isolasjon
  • Vaksinering
    • Alle  som er 12 år og eldre kan no vaksinere seg
    • Vaksina beskytter godt mot alvorleg sjukdom viss ein blir smitta av koronavirus
  • Kvifor ikkje gult og raudt nivå i skule og barnehagar?
    • Barna og ungdommane skal få leve mest mogleg som normalt
    • Sjølv om ein begrenser kontakt mellom elevar i skuletida vil dei blande seg på fritida
    • Innføring av gult og raudt nivå er difor eit lite effektivt tiltak
    • Det er veldig lite risiko ved koronasmitte for barn og ungdom, det blir feil å innføre lite effektive tiltak som kan ha negative konsekvensar for deira kvardag