Bestilling av koronavaksine

Bestilling av koronavaksine ved vaksinesenter i Giske kommune.

 

 

Bestilling til vaksinetime: www.c19.no  

Ikkje tilgang eller problem med digital bestilling? Ring: 41 70 19 00 , onsdagar kl 11.00 - 13.00. 
Du kan også bestille for andre. 

Vaksinesenteret er gamle Daggry barnehage, Valderhaug 2. Sjå kart. 

Følg med på Giske kommune nettside for dag og tidspunkt for drop-in timar. 

Vaksinesenteret vaksinerer barn og unge frå 5 - 18 år:

Barn under 16 år må har samtykke frå foresatte før vaksinering. Samtykke kan gjøres digitalt, gå til www.c19.no.

  • Velg bestilling av korona-vaksinering
  • Trykk på link under Samtykkeskjema for foresatte

Barn og ungdom mellom 5 og 15 år

  • KAN få vaksine
  • Det er ikkje viktig for samfunnet at barnet blir vaksinert – ein kan velje
    • MEN: Ungdom mellom 12 og 15 år som har alvorleg sjukdom bør la seg vaksinere med to dosar
  • Auka risiko på grunn av sjukdom hos barnet eller risiko i familien kan vere grunnar til å vaksinere barnet
  • Dose to til barn mellom 12 og 15 år kan også vere aktuelt ved behov i samband med koronasertifikat før reise til utlandet

Ungdom mellom 15 og 18 år

  • BØR vaksinere seg med to dosar
  • Dei som har hatt covid kan vaksinere seg med ein dose.
  • Etter kvart som ungdommen fyller 18 år kan dei også få dose 3, minst 20 veker etter dose 2