Barn som får nyoppståtte symptom på forkjøling eller influensa må framleis vere heime. Dette er viktig for å unngå at dei smittar andre i skulen og barnehagen.
Sjølv om barnet tester negativt på hurtigtest skal ein vere heime dei fyrste dagane.
Når barna er i betring og berre har litt restsymptom kan dei kome attende i skule og barnehage. Dette vil ofte ta 1-2 dagar.
Vi er bekymra for at det kan bli mykje smitte med både koronavirus, RS-virus, influensavirus og andre virus no utover hausten og vinteren, sei Anne-Line Sommerdalen.
Ofte er ein mest smittsam dei fyrste dagane når ein blir sjuk.
Barn som berre har rennande nase kan gå i barnehage og skule.
Barn som har kroniske plager kan gå i barnehage og skule, det er ved nyoppståtte symptom det er viktig å halde seg heime.
Meir informasjon kan de finner her:
Barn og ungdom - FHI
Flytskjema med råd om kva ein skal gjere når ein får nyoppståtte luftvegssymptom:
Flytskjema ved nyoppståtte symptom - FHI