Tilsvar frå Giske kontrollutval til Øyblikk sin artikkel

Giske kontrollutval har merknader til tittel, ingress og delar av innhaldet i artikkelen i Øyblikk 8. februar. Framstillinga er ikkje i samsvar med det som verkeleg skjedde på møtet.

I førebels innkalling frå leiar i kontrollutvalet av 9. januar var barnevernet i Giske sett opp som forslag til ei av sakene som kunne takast opp. Denne førebels innkallinga vart sendt for at medlemmane i utvalet kunne få høve til å kome med innspel til saklista. I endeleg innkalling sendt ut frå kontrollutvalssekretariatet 26. januar var barnevernet sett opp som sak.

4. februar mottok leiar og nestleiar ei melding med tittel Varsel om alvorlig svikt i Giske barnevern. Dette var altså søndag, dagen før møtet.

I motsetnad til det som står i artikkelen var det barnevernet generelt og ikkje ei einskild sak som stod på sakskartet. I møtet var rådmann, leiar for eininga Barn, familie, helse og teamleir for barnevern til stades for å gjere ein gjennomgang og svare på spørsmål. Utvalet brukte lang tid på å gå gjennom ulike sider ved barnevernet sine oppgåver og stilte konkrete spørsmål ved alt frå handsaming av meldingar via hjelpetiltak i heimane til kompetanseutvikling og dokumentasjonsrutiner. Eit punkt var til dømes brukarundersøkingar som ein ikkje har gjennomført, men det vart forsikra at det skal gjerast i år.

Det vart gitt tilfredsstillande svar på dei spørsmåla som vart stilt og utvalet fann ikkje å setje i gang vidare tiltak no med unntak av at situasjonen med tilsynsførarar i dei sakene der barnet er plassert i fosterheim. Tilsynsførar skal vere uavhengig av alle partar, også barnevernet, og skal sjå til velferden til barnet. Det er vanskar med å rekruttere tilsynsførarar, og det vart vedteke å sette i gang ein nærare gjennomgang av korleis ordninga fungerer i høve lov, forskrifter og anna regelverk.

På slutten av handsaminga vart varselet delt ut til alle medlemmane i utvalet slik at dei fekk lese det. Leiar gav beskjed om at ut frå innhaldet måtte det handsamast med varsemd, og om medlemmane i utvalet ville drøfte innhaldet, måtte møtet lukkast etter kommunelova §31 pkt 2 og 4. Ingen av medlemmane ønskte det, og dokumentet vart samla inn att..

Varslingssaka vart altså ikkje drøfta, og artikkelen i Øyblikk gir eit feil bilde av kva som skjedde.

Møta i kontrollutvalet er i utgangspunktet offentlege, og no ser det endeleg ut til at møteinnkalling og sakspapir vert lagt ut på kommunen sine heimesider. Saklister med meir kan alle gå inn på www.kontrollutval.no og sjå. Kontrollutvalet tek gjerne imot varsel og spørsmål frå innbyggjarane i kommunen.

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan og er ikkje underlagt nokon andre enn kommunestyret. Utvalet har og full tilgang på alle opplysningar og dokumentasjon i kommunen utan omsyn til teieplikt eller saker unntatt offentlegheit.

Kontrollutvalet skal gjennom arbeidet sitt auke den ålmenne tilliten til at kommunale  oppgåver blir gjennomførte på ein måte som gir tryggleik for ei open, hjelpsam og likeverdig behandling og at borgarane får god rettstryggleik.

Giske kontrollutval

Gunnar O. Morsund /s (leiar)       Dag Oksnes  (nestleiar) Karin Kalvø Giske   Anne Lise Hessen Følsvik  Arnfinn Rune Giske

Viktige lenker

Ukraina