Tildelingskriterier heildøgnsopphald bukollektiv/institusjon

Giske kommune vedtok forskrift om langtidsopphald i juni 2017. Denne vart då publisert på Lovdata. Det er no arbeidd med ei tydleggjering og presisering av denne forskrifta. Dette skal mellom anna gjere det enklare både for innbyggjarane og dei som skal handsame søknadane.  

Tildelingskriterier for tenester.

Med tydlegare tildelingskriterier vil kommunen lykkast betre med likebehandling av innbyggjarane,  og innbyggjarane får den rette tenesta når dei treng det. Tydleggjering av kriterier for heimebasert teneste er under arbeid og vil bli offentleggjort så snart dei er klare. Giske kommune har også revidert søknadsskjema til omsorgstenester.

På Giske kommune si heimeside under Tildelingskontoret er alle aktuelle skjema lagt inn.    

Forskrift om langtidsopphald vedteken i Giske kommunestyre 15.06.17 - med verknad frå 01.07.2017.pdf (PDF, 231 kB)