Tildelingskontoret

Når du søkjer om helse - og omsorgstenester vurderer kommuna, saman med deg, kva teneste(r) du har behov for. Du fyller derfor ut ein generell søknad, der du blir bede om å beskrive situasjonen din og kva du treng hjelp med. Det er ett/same søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester.

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

  • Heimesjukepleie
  • Omsorgsbustadar (bukollektiv, bufellesskap, institusjon)
  • Frittliggande omsorgsbustad er tilrettelagde bustader med livsløpsstandard. Leigetaker kan søke om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov. Søker skal ha ein samanhengande folkeregistrert butid i kommunen dei siste to åra med mindre særlige grunnar føreligg. Utenlandske statsborgarar må i tillegg ha lovleg opphald i landet. 
  • Avlastning i form av korttidsopphald
  • Praktisk bistand/opplæring
  • Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  • Velferdsteknologi
  • Tryggleiksalarm. Søker må godta ordningar som gjer at personalet kan kome seg inn i heimen ved behov td elektronisk dørlås. 
  • Matlevering
  • Omsorgsstønad
  • Dagtilbod til heimebuande med demenssjukdom, Vigra omsorgssenter
  • Dagtilbod til heimebuande, Giske omsorgssenter
  • Tiltakspakke demens
  • Henvising til psykisk helseteam, kvardagsrehabilitering og hukommelsesteam
  • Støttekontakt
  • Koordinator
  • Kommunal og privat avlastning for barn under 18 år
  • Følgjekort 
  • Parkeringskort
  • Transportteneste (TT kort)

Søknader blir behandla etter helse- og omsorgstenestelova og i samråd med aktuelle omsorgseiningar. Ein kan pårekne svar på søknad innan fire veker. 


 Prisliste helse og omsorgstenester 2026.pdf (PDF, 148 kB)

Skjema: Opplysningar om inntektsforhold 

Opningstider

Telefontid:

Måndag – fredag: kl 09.30 - 11.30

 

Sommaropning veke 27 - 33: Måndag, tirsdag og torsdag kl 10 - 11.30

 

Telefonnummer: 70 18 81 58

 

E post:  tildelingsteamet@giske.kommune.no

 

Personopplysningar skal ikkje sendast på epost. Informasjon som inneheld personopplysningar skal sendast pr post eller på eDialog. Sikker innsending for dokument til Giske kommune (eDialog) - Hovedportal

 

 

 

Kontaktinformasjon