Omstillingsarbeid innan psykisk helse og rus

Giske kommune jobbar med å følgje opp kommunestyrevedtaket om Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050.

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete


Eit større omstillingsprosjekt pågår. Behovet innan pleie og omsorg vil auke vesentleg dei neste 30 åra. Det er derfor særs viktig at vi bur oss på dette og at tenestene ligg på rett nivå i dag. Ei framtidsretta teneste må ha eit berekraftig kostnadsnivå. Det fører til at i vidareutviklinga av pleie- og omsorgstenestene må kommunen tenkje både kvalitet og økonomi.

Giske kommune har no utarbeidd nye tildelingskriterier for heildøgn bufellesskap psykiatri og rus. (DOCX, 18 kB) Dette vil i større grad sikre likebehandling av innbyggjarane, der det vert tildelt teneste etter behov og ikkje fordi vi har ledig kapasitet. Nye tildelingskriterier vil framover gi tomme rom ved Løkevegen bufellesskap. Heildøgnstilbodet vil gi tenester for langtid, korttid, rehabilitering og avlastning, og skal vere basert på det faktiske behovet blant innbyggjarane. Vidare må kommunen vurdere kva dei tomme romma ved Løkevegen bufellesskap skal nyttast til.

Giske kommune må i større grad tenkje heilhet omkring tenesteutviklinga og at innbyggjarane i større grad skal få tenestene i eigen heim. Oppretting av ambulant teneste er tydleggjort i strategiane. Giske kommune vil framover arbeide med etablering av ambulant/heimebasert teneste for denne brukargruppa. Det vert då viktig å sjå alle tenester og ressursar innan psykisk helse og rus i ein samanheng.

Omstillinga som no pågår er sjølvsagt også med tanke på å få kontroll på eit stort meirforbruk innan pleie og omsorg dei siste åra. Og på denne måten tilpasse drifta til dei økonomiske rammene.

Tilsette som vert berørt av omstillingsprosessen vil så langt det er mogleg få tilbod om stillingar andre stader i kommunen, etter gjeldande prosedyrer og retningslinjer.