Kvikkleirerapport for Giske

NVE fekk i 2019 gjennomført ei oversiktskartlegging av område med potensiell fare for områdeskred for kvikkleire i Giske kommune. To potensielt skredfarlege kvikkleiresoner er lokalisert: Geilevika og Godøylandet har begge middels faregrad. Det kan dessutan finnast skredfarlege område med kvikkleire som ikkje kjem fram av kartlegginga, det er difor i tillegg utarbeid aktsomhetskartområdeskred innanfor kartleiingsområda. Det kan også finnast kvikkleire utanom dei kartlagde kvikkleiresonene, og generelt kan det finnast kvikkleire så lenge ein er under marin grense.

Det meste av kommunen ligg i såkalla aktsomhetsområde:

  • «Aktsomhetskart - marin leire, viser områder der det kan finnes marine avsetninger og eventuelt kvikkleire og er viktig for geoteknisk vurdering med hensyn på lokalstabilitet»
  • «Aktsomhetskart – områdeskred, viser områder det kreves geoteknisk vurdering i forbindelse med vurdering av områdeskred i areal- og byggesaker»

 

Ved alle større byggetiltak må Giske kommune difor få gjort geotekniske vurderingar:  Slike vurderingar må tiltakshavar sjølv dekke kostnadane ved.

For tiltak må det bli vurdert om det er ei reell fare for områdeskred og evt. sikringstiltak for å fylle sikringskrava frå NVE (Kvikkleireveilereden) og i TEK 17. Vurderingane må bli utført av fagkyndige. I Giske kommune er det generelt ikkje behov for utgreiing av områdeskredfare utanfor aktsomhetsområda i samband med planarbeid, dispensasjonssøknader osb. i kartleggingsområda.

 

Meir om korleis Giske kommune vil halde seg ved plan- og byggesaker, ligg på sidene til Teknisk eining, her: Artikkel om kvikkleire og aktsemdsområde.

 

Rapporten frå undersøkingane ligg på NVE sine nettsider: https://www.nve.no/flaum-og-skred/kartlegging/faresonekart-kommuner/more-og-romsdal/giske-kommune/kvikkleirerapporter-for-giske-kommune/