Kulturmidlar 2024

Giske kommune lyser med dette ut kulturmidlar for 2024. Søknadsfristen er sett til 15.april.

Kulturmidlane på til saman kr. 210 000,- for deler seg på tre kategoriar - idrett, musikk og kulturminne.

 

Tilskot  idrett

Midlar til idrett vert fordelt til alle lag som er medlem av NIF og som høyrer heime i Giske kommune. Det er avsett kr 95.000.
(Merk søknaden med refnr. 24/191)

Kommunen gjer merksam på at det er overordna hovudorganisasjon som skal søkje om støtte. Dersom det kjem inn søknad frå underliggande organisasjon, til dømes eit enkelt lag, vil søknaden bli behandla og betalt ut til hovudorganisasjonen.

 

Tilskot musikk

Tilskott musikk omfattar kor og korps i Giske kommune. Det er avsett kr 95.000.
(Merk søknaden med refnr. 24/124)

 

Tilskot kulturminne og museum

Lag og organisasjonar kan søkje om tilskott til ulike tiltak innan kulturminne og museumsarbeid i kommunen. Det er avsett kr 20.000.
(Merk søknaden med refnr. 24/411)

NB! Frå 2024 er det eit krav om at idrett- og musikkorganisasjonar må vere registrert i kommunen sin aktivitetskalender Friskus og bruke denne aktivt. 
Dette er lagt inn som eit nytt punkt i søknadskjemaet. 

Alle søkjarane må sende inn søknaden elektronisk, ved å bruke det digitale søknadsskjemaet som de finn på heimesida til kommunen: Søk her