Er du Giske kommune sin nye folkehelsekoordinator?

Verdas mest spanande jobb er no ledig i følgje ho som har jobben i dag. Har du lyst til å bli Giske kommune sin nye folkehelsekoordinator?

Har du lyst å prøve deg i ein veldig spennande jobb? Stillinga som folkehelsekoordinator i Giske blir ledig frå 15.oktober til 31.12 2019.

Raust og fint miljø

- I denne kommunen er det kjekt å jobbe. Her er høgt trykk på utvikling, vi søkjer heile tida betre og smartare måter å samarbeide på og løyse oppgåver på, fortel Torill Valderhaug som har jobben i dag og som no skal ut i permisjon.

Ho lokkar med eit raust og fint miljø, og fortel vidare at arbeidsoppgåvene er svært varierte.

- Jobben som folkehelsekoordinator gir deg muligheit til å samarbeide med både kultur, helse, med barnehagane og skulane, med teknisk og ikkje minst med innbyggarane på denne vakre plassen.

Stor spennvidde

Stillinga byr på ein stor spennvidde. Det er alt frå friluftsliv til barnetråkk og planarbeid, Ungdata og folkehelseoversikt, møteplassar og medverknad. I tillegg generelle tema og prosjekt som kan knyttast til innbyggjarane sin trivsel og livskvalitet.

- Ein av verdas finaste jobbar synst eg, slår Valderhaug fast og oppmodar alle som kan tenkje seg jobben til å sende ein søknad. På denne sida finn du denne og andre stillingar som er ledige no hos oss: Ledige stillingar i Giske kommune.

- Ta gjerne kontakt med meg om du treng å vite meir om verdas mest spanande jobb, legg Valderhaug til. Torill Valderhaug har mobil 41702320 eller e-post: tval@giske.kommune.no