Detaljregulering for bustadområde Leitebakk på Godøya - offentleg ettersyn

Detaljregulering for bustadområde Leitebakk (gbnr. 127/34) blir lagt ut til offentleg ettersyn etter vedtak i Teknisk utval den 12.06.2025 (TU – 032/25). Høyringsperioden varer til 25.09.2025.

Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta til høyring er no tilgjengeleg i kommunens planregister arealplaner.no | 2022005 > Planbehandlinger

Dersom nokon ønsker plandokumenta tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (tlf. 70 18 80 00) og gi opp referanse «22/1248».


Innspel
Merknader merkast med namnet til planen og planident 2022005 og sendast til kommunen 
innan 25. september. Merknader kan sendast på e-post: post@giske.kommune.no eller til
Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya.
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert
og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.