Når kan eg bestille førehandskonferanse?

Dersom du har spørsmål, og ikkje finn svara på heimesida til kommunen, kan du bestille ein førehandskonferanse via vårt digitale skjema. 

Før du går i gang med å bestille førehandskonferanse er det viktig at du tenker grundig gjennom dei spørsmål du har, og beskriv dette tydeleg for kommunen i det digitale skjema. 

Finn fram kart og skisser over tiltaket. Dette skal alltid ligge ved. Bestilling som ikkje svarer på det skjema ber om vil bli returnert.  

Dokument som skal ligge ved:

  • Situasjonskart med teikna inn tiltak
  • Teikningar / skisser av tiltak

Dokument som bør ligge ved:

  • Foto av eksisterande situasjon
  • Illustrasjon
  • Plankart
  • Uttale / tidlegare vedtak

Bestillingsskjema finn du HER. 

Kommunen tek gebyr etter gjeldande gebyrregulativ for å gjennomføre førehandskonferansen. 

Det vil bli sett av ein time til konferansen. Førebels vert desse gjennomført som digitale møter. Her vil du som tiltakshavar (byggherre) og ansvarleg søkar (der det er aktuelt) møte saksbehandlarar frå kommunen for å få svar på dei spørsmåla du har, og bli informert om dei krav som gjeld for tiltaket. Etter førehandskonferansen, vil du få eit referat frå møtet. 

NB! Førehandskonferansen er berre ei gjensidig orientering om tiltak etter plan- og bygningslova.