Skulehelsetenesta

Kontakt helsestasjonen slik det står på følgjande nettsider:

 

Tlf.: 908 57 820 Telefontid mandag - torsdag kl 08.00 - 13.30 (send gjerne sms)

Skulehelsetenesta i Giske kommune er lagt opp etter forskrift av okt 2018 om kommuna sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste, og drifta etter nasjonale faglege retningslinjer frå 2017 Helsesjukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta og kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar. Helsesjukepleiar har fast tid på skulen , og legeundersøking blir utført i 1 klasse.

  • Valderøy Barneskule - Sissel Storheim tlf. 90867754 og Sonia Lovise Røsvik Urkedal tlf. 900 82 636 
  • Valderøy Ungdomsskule - Martine Isene Røsvik tlf. 900 92 663 
  • Vigra Skule -  Fride Skjong Valderhaug tlf. 900 78 919 
  • Giske Skule - Hildegunn Eikrem Sæbø tlf. 900 45 532
  • Godøy Skule  - Hildegunn Eikrem Sæbø tlf. 900 45 532

NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon når dykk tek kontakt.

Målet for tenesta er å fremje helse og utvikling i oppvekståra. Den skal i samarbeid med heim, skule og hjelpeapparat arbeide for å identifisere og løyse dei helseproblema som spesielt knyter seg til skuleeleven sin situasjon. Skulehelsetenesta skal arbeide for at elevane går ut av skulen med ei så god helse som mogleg og med ei åtferd som påverkar helse, livsstil og livskvalitet i ei positiv retning.

Helsesjukepleiarane har trefftid på skulane og har faste dagar på skulen. Foreldre, elevar og lærarar kan ta kontakt.

OVERSIKT

1. klasse

Skulestartundersøking med helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen. Vekstmåling og somatisk helseundersøking. Haldningsskapande arbeid med helseopplysning om diverse tema. Foreldrerettleiing. Spørjeskjema til foreldre i forkant om helse og trivsel til borna.

2. klasse

Vaksine DTP-IPV mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio på skulen.

3. klasse

Vekstmåling - på skulen. Vurdere behov for helseopplysning i klasse etter avtale med lærer.

5. klasse

Pubertetssamtale i grupper.

6. klasse

Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar.  

7. klasse

Vaksine HPV til alle. 2 dosar med 6 mnd mellomrom.

8. klasse

Målretta helseundersøking av enkelte elevar på bakgrunn av tidlegare funn eller behov. Vekstmåling og skoliose undersøkelse av alle med tilbod om oppfølging. Spørjeskjema heim og samtale individuelt.

10. klasse

Helseopplysning i grupper om seksualitet, prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar.  

Vaksine mot poliomyelitt, kikhoste, difteri og stivkrampe.

I alle klasser blir enkelt elevar fylgde opp ved behov. Undervisning i andre aktuelle tema etter ønskje fra skule.

I tillegg har vi

Foreldreveiledningsgruppe ICDP og Cos-p/Tryggleikssirkelen.