Barn med behov for spesialpedagogisk hjelp

Barn i førskulealder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld også om barnet ikkje har plass i barnehage. 

Lovheimel: Lov om barnehager § 31 Rett til spesialpedagogisk hjelp

Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter.

For barn med spesielle behov ut over det som blir dekt innan det ordinære barnehagetilbodet, kan ein gjennom kommunen sine tilvisingsskjema be om sakkunnig vurdering av PPT (Pedagogisk psykologisk teneste). Ei eventuell tilvising krev samtykke frå foreldre. Følg lenka over for meir informasjon.

Spesialpedagogisk hjelp kan bli gitt til barnet individuelt eller i gruppe. Giske kommune har tilsette spesialpedagogar som arbeider på barnehageområdet, både i kommunale og private barnehagar. Barnehagen skal sørge for at barn som får spesialpedagogisk hjelp blir inkludert i barnegruppa og i det allmennpedagogiske tilbodet.   

Spesialpedagogen utarbeider saman med foreldre og eventuelt barnehagen individuell utviklingsplan (IUP) for barnet. IUP er ein plan over tilrettelegginga barnet får ut frå sine utfordringar, og planen beskriv mål, tiltak og gjennomføring. IUP er grunnlag for det spesialpedagogiske arbeidet, og blir saman med foreldre evaluert og samanfatta i ein årsrapport.