Eigarskapsmelding Giske kommune

Eigarskapsmeldinga er ei oversikt over selskap der kommunen har eigarinteresser.

Det skal av dokumentet gå fram kva føremål og nytte kommunen har med si deltaking i selskap som er sjølvstendige rettssubjekt, til dømes eigedomsselskap, næringsutvikling, kommunalt foretak, interkommunalt selskap m.fl. Dette er blant anna for å sikre forsvarleg eigarstyring og styrke dei folkevalde si rolle.

Eigarskapsmelding for Giske kommune 2020 (PDF, 946 kB)

Sunnmøre friluftsråd er eit kommunalt oppgåvefellesskap. Deltakarkommunane vel medlem og varamedlem for eitt år om gongen. For året 2021/2022 er Jan Ove Skodje styrerepresentane for Giske kommune med Louise Kristin Haahjem som vara.

"Utvikling gjennom samarbeid"

Sunnmøre regionråd er Noregs største regionråd og består av kommunane Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda Ørsta og Ålesund.

Ordførar Harry Valderhaug (KrF) sit i styret og representantskapet i regionrådet.

Ålesundregionens Havnevesen er organisert som et interkommunalt samarbeid mellom kommunene Giske, Sula og Ålesund, og har 15 ansatte fordelt på seksjonane vedlikehold, maritim og administrasjon.

Marit Gunnlaug Alnes har sitte i styret sidan 2020. Ho er nestleiar i perioden 2020 - 2023. 
Ordførar Harry Valderhaug (KrF) sit i hamnerådet.