Kommunevåpenet - eller soga om "Giske-katten"

Kommunevåpenet i Giske har ei gull leopardisert løve på blå botn. Løva i merket er utan våpen i labb, og det var også det første Riksvåpenet.

Grunnen til at Giske kommune fekk tildelt dette våpenmerket av kongen i statsråd kan forteljast slik:

Giske kommune sitt kommunevåpen - Klikk for stort bilete Erling Vidkunnson vart fødd i 1292 og døde i 1363. Han var 17. ætteledd i Giskegodset. Han hadde eit merke (segl) som han brukte, det var ei løve (som ser på deg=leopard) med sverd. Dette våpenmerket til Erling Vidkunnson som var busett på Giske og sysselmann på Sunnmøre, søkte Giske kommune om å få godkjent som kommunevåpen.

Medan kommunen sin søknad låg til handsaming i departementet, vart merket til Vidkunnson av same departement tildelt ein annan institusjon utan at Giske kommunen sin søknad vart vurdert samstundes. Det var Hæren sin 6. divisjon med hovudkvarter i Harstad som fekk hans merke godkjent som divisjonsmerke. Det må samstundes føyast til at også nordlendingane følte sterk tilknyting til Erling Vidkunnson og gjerne ville bruke merket hans.

Han var eigar av Bjarkøygodset der han var fødd. Det var dessutan Erling Vidkunnson som organiserte forsvaret mot dei russiske angrepa på Finnmark, og den som slutta freds- og grenseavtalen i Novgorod i år 1326. Han var og drottsete for den umyndige kong Magnus Eriksson, og etterpå norsk kanslar. I det heile var han ein av dei mektigaste menn i landet. Merket hans er vel det einaste løvemerket vi har her til lands utanom kongen sitt riksmerke. Medan riksløva har øks og er i profil, hadde "Giske-løva" sverd og vrei hovudet når ein såg det framanfrå.

Då departementet vart gjort merksam på den forbigåinga som hadde skjedd ved tildelinga av Erling Vidkunnson sitt merke til Hæren sin 6. divisjon, var det at kommunen fekk tilbod om "løvemotivet" som kommunevåpen. Rektor Jarle Skuseth i Vestnes, som har teikna kommunevåpenet til Giske, er ein av dei 7 som reknas for å ha god kompetanse på dette området i landet, tilrådde at kommunen måtte godta med stor takk det tilbodet som departementet hadde gitt kommunen. Det nye kommunevåpenet har dei eldste heraldiske tradisjonar.

Sjølv om løva som dyr ikkje har spesiell tilknyting til Giske kommune, så skulle dette merket likevel kunne symbolisere - som det første riksvåpen - den tilknyting øyane i vår kommune kvar på sin måte har til Noregs historie.

Artikkel i Øyblikk skrive av Elias Giske