Om Giske kommune

Giske kommune er 40 km2 stor, og har 8 601 innbyggjarar (per 01.03.2022) fordelt på dei fire øyane Vigra, Valderøya (kommunesenter), Giske og Godøya.

Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær, og kommunen har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart. 
 
Alnes på Godøya - Klikk for stort bileteAlnes på Godøya Børge Sandnes

Historie og attraksjonar

Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetjing i fleire tusen år. På vestsida av Valderøya ligg Skjonghellaren, der det er funne restar av dyr og fugleartar som kan førast 30.000 år tilbake i historia. Marmorkyrkja på Giske vart bygd på 1100-talet av den mektige "Arnungeætta" og fungerer i dag som soknekyrkje for øya. Vikinghøvdingen Gange-Rolv kom frå Giske og grunnla hertugdømmet Normandie i Frankrike: Gange-Rolv er sett på sokkel i byen Rouen med kopi av statuen i byparken i Ålesund, og er minna med ein bautastein på Vigra. Alnes er ein særprega attraksjon der du kan også besøke Alnes Fyr og  opplevelsessenteret som blei opna i 2016. 

Kommunikasjonar

I dag bind bruer og undersjøiske tunnelar alle øyane i kommunen saman med fastlandet, med ei reisetid til Ålesund på ca 15. minutt. Ålesund lufthamn på Vigra er den største flyplassen i Møre og Romsdal med over 1 million reisande.

Avstand til Ålesund: 10 km
Avstand til Kristiansund (flyplass): 176 km
Avstand til Molde (flyplass): 80 km
Avstand til Åndalsnes (jernbane): 111 km.

Næringsliv

Giske er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria ved og utanfor Mørekysten. I dag tel Giske omlag 280 verksemder og firma av ymse slag som dekkjer dei fleste næringsgreiner. Vekta ligg enno på primærnæringane og fiskeria, men der er òg mange aktive og større verksemder innanfor transport- og flyplasstenester, interiør- og trevareproduksjon og teknisk/ maritim industri - for å nemne nokre.

Industriareal

Giske har store areal regulert til industriutvikling - spesielt knytt til områda ved flyplassen, Gjøsundet og fiskerihamna i Geilevika på Godøya.

Skular/barnehagar

Det er eit godt utbygt grunnskuletilbod i kommunen med barneskular på alle dei fire øyane og ungdomsskule på Valderøya. Kommunen har og kulturskule med ca. 350 elevar.
Kommunen har full barnehagedekning med to kommunale og seks private barnehagar.
Det er kort veg til dei vidaregåande skulane i Ålesund som har eit godt og variert tilbod om utdanning. Her finn vi og NTNU Ålesund.

Omsorgstenester

Tildelingskontoret i kommunen behandlar søknadar om helse- og omsorgstenester.

Kommunen har tre omsorgsdistrikt :

Eining Meistring og psykisk helse:

Løkevegen bufellesskap
Gudmundvegen og Skomakervegen bufelllesskap
Avlastning for born
Kingelveven
Rus og psykisk helseteam

Valderøy omsorgsdistrikt:

Heimebaserte teneste
Storkjøkken
Dagsenter
Praktisk bistand
BPA
Omsorgsstønad
Giske omsorgssenter har desse avdelingane:
• Hustruhamna
• Signalen
• Storhornet
• Kølvet

Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt:

Dagsenter
Praktisk bistand
BPA
Omsorgsstønad
Godøy og Alnes bukollektiv
Reset bufellesskap, Vigra 
Vigra sjukeheim har desse avdelingane:
• Skogly (skjerma avdeling)
• Nordstova
• Fjellro

I kommunen er det også både private og kommunale omsorgsbustadar.

Viktige lenker

Ukraina