Psykisk helseteam for barn, unge og familiar ( 0 - 18 år)

Psykisk helseteam gir gratis hjelp og behandling til barn og unge (0-18 år) med lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjonar på belastende livshendingar. Teamet har eit familieperspektiv og tilbyr foreldrestøtte, samt tett samarbeid med andre tenester kring barnet og familien.

Klikk på dei ulike temaene for utfyllende informasjon
Kven er vi?

Psykisk helseteam for barn, unge og familiar er eit lågterskel psykisk helsetilbod som er ope for alle barn og unge i kommunen og familiane deira. Tilbodet vi gir kjem i tillegg til andre helse og omsorgstenester slik som helsestasjon, skulehelsetenesta og fastlegeordninga.

Vi er tverrfagleg samansette av kognitiv terapeut, familieterapeut og psykolog i to 100% stillingar og ei prosjektstilling. 

Lokasjon:  Giske rådhus andre etasje.

Åpningstid for avtalte fysiske samtalar:  måndag til fredag mellom kl 08.00-15.30.

 

 

 

Kva kan vi tilby?
  • Kartlegging, rettleiing og oppfølging av barn, unge og familiane deira.
  • Opptil 10 timar av individuelle samtalar med ungdommen/barnet, foreldrerettleiing og/eller familiesamtalar for å behandla lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjonar på belastande livshendingar.
  • Rettleiing til fosterheimar
  • Samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular etter samtykke. 
  • Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa. 
  • Gruppetilbod til foreldre Tuning in to Teens 
  • Gruppetilbod til foreldre Trygghetssirkelen 
Korleis komme i kontakt?

Det er lett å komme i kontakt med oss. Du treng treng ikkje tilvising frå lege eller andre.

Er du forelder eller ungdom får du kontakt med oss ved å fylle ut utskiftbar kontaktskjema og levere det på rådhuset, eller ved bruk av post. Du vil få den første fysiske avtalen innan 2-3 veker etter motteken førespurnad. Er du usikker om PHBUF er rett for deg bruk gjerne telefontida for spørsmål eller rettleiing. Er du forelder og bekymra for barn/ungdom tilrår vi deg å bruka BTI - modellen.

kontaktskjema (PDF, 168 kB) 

Er du lærar, helsesjukepleiar, tilsett i barnehage eller ei anna teneste som vil melda inn behov på vegne av familien tek du først kontakt med oss ved bruk av telefontida før det blir sendt ein skriftleg førespurnad. Er du bekymra for barn eller ungdom tilrår vi deg å bruka BTI - modellen.

kontaktskjema (PDF, 168 kB) 

Informasjon om telefontiden: du når ein i teamet måndag til torsdag mellom kl 12.00-13.00. Vi er då tilgjengeleg for foreldre, ungdom og samarbeidende tenester for drøfting, rettleiing og for å finna ut kva som kan vere rett hjelpeinstans for barnet/ungdommen. Telefonnummeret du når oss på er  90710960.

Dersom det er behov for akutt hjelp ring 116 117., står det om liv ring 113.

Har du vore i kontakt med oss?

Har du vore i kotnakt med oss i  løpet av året 2025? 

Vi i Psykisk helseteam ønskjer tilbakemelding og har to anonyme brukarundersøkingar som tek nokre minutt å svara på.  

Takk for at du deltek! 

Første kontakt med tenesta PHBUF

Vi har teke i mot tilbodet og kontakten med PHBUF er no avslutta

Er vi rett teneste for deg?

Det kan vera andre tenester i kommunen som er meir aktuelle for deg, sjå derfor tiltaksoversikta eller ring oss i telefontida om du er usikker om Psykisk helseteam for barn, unge og familiar er rett for deg.                                                                                                                                                                                  

Her finner du tiltaksoversikten til Giske kommune 

 

Viss du har mistanke om lærevanskar eller anna strev i barnehage/skule bør ein visa barnet/ungdommen til Pedagogisk Psykologisk Tjeneste (PPT).

Er du over 18 år kan du ta kontakt med Psykisk helse og rustenesta for tilbod. 

 

 

                           

 

 

 

 

 

  

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)