Hukommelsesteamet

Hukommelsesteamet i kommuna skal sikre at personar med demens og deira pårørande vil få god utredning, oppfølgjing og eit godt tilpassa tenestetilbud. Hukommelseteamet (tidl.demensteamet) har tilhaldsstad i kjellaren i Vigra omsorgssenter og har kontortid kvar mandag. 

Arbeidsoppgåvene våre:

  • Vi utfører heimebesøk med fokus på kartlegging og utredning av diagnose og hjelpebehov
  • Vi gir råd og rettleiing knytta til diagnose, oppfølging og behandling til brukarar og pårørande
  • Vi har oversikt over relevante tilbud og tenester i kommuna og i spesialisthelsetjenesta
  • Vi samarbeider med fastlegar, heimetenesta m.fl

Kommuna har eige omsorgssenter tilrettelagt for personar med demens, Vigra omsorgssenter  og har fokus på kompetanseheving gjennom opplæringspakken Demens ABC.

Demensteambrosjyre (PDF, 269 kB)

 

Kven kan få tilbodet?

Alle som har ei bekymring knytta til demens, enten for eigen del, som pårørande eller som helsepersonell, kan gjerne ta kontakt med oss. 

Oppfølging av pårørande

Vi tilbyr Pårørendeskule i samarbeid med Ålesund og omegn. Dette er eit kurstilbud til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.  Hukommelsesteamet tilbyr og samtalegrupper for pårørande til personar med demens.

Nettsider og app

Kontaktinformasjon

- Hukommelseteamet
E-post
Mobil 41 70 19 01