Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

Bilete av tilsette i Vigra omsorgssenter - Klikk for stort bilete

 

Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt yter tenester der det er eit konstatert hjelpebehov anten det skuldast skade,funksjonshemming, sjukdom eller alder. Distriktet har tilsette med variert bakgrunn og har god kompetanse.

 

Vigra omsorgssenter

Vigra omsorgssenter ligg omtrent midt på Vigra, rett i nærleiken av Vigra kyrkje. Omsorgssenteret har  spesialisert seg på tenester retta mot menneske med ulike demenslidingar. Etter planen skal det verte til saman 4 avdelingar, samt eit dagsenter her. Hukommelsesteamet i Giske kommune held og til i desse lokala.

 

Bilete av fasade Vigra omsorgssenter - Klikk for stort bilete

 

Avd.Skogly: 8 institusjonplassar for demente og er i dag det einaste sjukeheimtilbodet i vår kommune. Avdelinga er heildøgnsbemanna med helsepersonell, romma er store og har eigne bad.

 

Bilete av avdeling Skogly - Klikk for stort bilete

 

Avd.Fjellro: Bukollektiv for demente med 8 plassar. Bukollektivet er heildøgnsbemanna med helsepersonell. Avdelinga flytta våren 2013 inn i nyrenoverte lokaler i tidlegare Vigra sjukeheim.

Avd.Nordstova: Bukollektiv for demente med 5 plassar med heildøgnsbemanning. Avdelinga opna i september 2013 i nyrenoverte lokaler i tidlegare Vigra sjukeheim.

 

Godøy og Alnes bukollektiv

På Godøya ligg Godøy og Alnes bukollektiv der ein har 12 plassar med heildøgnsbemanning. I kjellaren på bukollektivet ligg 2 omsorgsbustadar som er knytta til heimebasert omsorg. I nærleiken av bukollektivet ligg 8 frittliggande omsorgsbustader. I tillegg til dette ligg det 5 frittliggande bustader på øya Giske.

 

Fasade Godøy bukollektiv - Klikk for stort bilete

 

Heimebasert omsorg 

Heimesjukepleien i kommuna er samlokalisert med kontor i Giske omsorgssenter på Valderøya. Ansvaret for heimesjukepleien ligg til Valderøy omsorgsdistrikt. Heimetenesta har tiltak retta inn mot dei som treng hjelp for å kunne bu i eigen heim, så lenge som det er ønske om det. 

Reset bufellesskap

Reset bufellesskap er eit heildøgns butilbud for personar med utviklingshemming. Det inneheld 5 bueininger, fellesrom og personalrom. Tilbudet opnar og for dag-/kveldstilbod.

 

Fasade Reset bufellesskap - Klikk for stort bilete

 

I nærleiken av Vigra omsorgssenter og Reset bufellesskap ligg og 7 frittliggande omsorgsbustader, der kommuna har tildeligsrett.

 

 

 

 

Telefonnummer
Distrikt Telefonnummer
Kontor omsorg Giske kommune: Karina P. Synes 41702323
Vigra omsororgssenter avd.Skogly 47716089
Hukommelsesteam 41701901
Godøy bukollektiv 91794968
Tildelingsteamet 70188158
Giske omsorgssenter 91875722
Heimesjukepleien Vigra 95924904
Heimesjukepleien Giske og Godøy 91305411
Heimesjukepleien Valderøya 95758551

Kart