Det er lett å komme i kontakt med oss. Du treng ikkje tilvising frå lege eller andre.
Er du forelder eller ungdom, kan du ta kontakt med oss ved å fylle ut eit utskiftbart kontaktskjema og levere det på rådhuset, eller sende det per post. Du vil få den første fysiske avtalen innan 2–3 veker etter at førespurnaden er motteken. Er du usikker på om PHBUF er rett for deg, kan du gjerne nytte telefontida til spørsmål eller rettleiing. Er du forelder og uroa for barn/ungdom, tilrår vi deg å bruke BTI-modellen.
kontaktskjema (PDF, 168 kB)
Er du lærar, helsesjukepleiar, tilsett i barnehage eller i ei anna teneste som ønskjer å melde inn behov på vegne av familien, tek du først kontakt med oss i telefontida før du sender ein skriftleg førespurnad. Er du uroa for barn eller ungdom, tilrår vi deg å bruke BTI-modellen.
kontaktskjema (PDF, 168 kB)
Informasjon om telefontid:
Du kan nå ein i teamet måndag til torsdag mellom kl. 12.00 og 13.00. I dette tidsrommet er vi tilgjengelege for foreldre, ungdom og samarbeidande tenester for drøfting, rettleiing og vurdering av kva som kan vere rett hjelpeinstans for barnet eller ungdommen. Du kan kontakte oss på telefonnummer 907 10 960.
Teamet er tilgjengeleg sommaren 2026, med unntak av veke 29.
Ved behov for akutt hjelp, ring 116 117. Ved livstruande situasjonar, ring 113.