Influensavaksine til risikogrupper og dei over 65 år

Giske kommunale legesenter mottar influensavaksina i veke 42 og starter dermed med vaksinering 19. oktober.
Ein kan bestille time her.  

Dei over 65 og risikogrupper kan no få influensavaksine.

Personar i følgjande risikogrupper kan no bestille seg time:

  • Beboarar i omsorgsbolig og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månader til 5 år
  • Barn og voksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sykdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Om du ikkje har fastlege her i kommunen eller har problem med å reservere time digitalt kan ein kontakte legesenteret via heimesida http://giskelegesenter.no/. Der kan ein bestille time ved å trykke på legetime ikonet-velg annet eller send sms til 2097; GISKELEGE fødselsdato, ditt navn og kva det gjeld. Ein kan også ringe sentralbordet på 70 18 85 00.

Influensavaksine kan settast samtidig med koronavaksine. Dersom dei ikkje vert sett samtidig bør det gå ei veke mellom dei to vaksinene. .