Vegg (ikkje-berande)

Beskriving

Skal du setje opp ein lettvegg for å dele eit rom eller kontorlandskap, treng du vanlegvis ikkje sende melding eller søknad til kommunen.  Ein lettvegg er ein ikkje-berande vegg innanfor same brukseining. Det er likevel nokre tekniske vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

For freda bygningar vil det alltid vere søknadsplikt etter kulturminnelova.

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Lettveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav

Særskilde vilkår:

  • Flytting, fjerning eller oppsetting av lettveggar må ikkje føre til vesentlege endringar  i den planløysinga som er godkjend frå før
  • Brannsikring, nødvendig lys og ventilasjon osb. må oppretthaldast

Rettleiing

Du treng ikkje å sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket samsvarar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Oppdatert

10.08.2010 16.47.32