Oskespreiing

Beskriving

Oskespreiing vil seie at oska frå den avlidne blir spreidd for vinden. Det kan skje dersom den avlidne sjølv fekk innvilga søknad om oskespreiing, eller dersom det i ettertid godtgjerast at den avlidne ønskte oskespreiing. Godkjenning kan òg bli gjeve for avlidne born dersom foreldra ønskjer det. Oskespreiing kan vere eit alternativ for dei som ikkje ønskjer gravferd eller urnenedsetjing på ein kristen gravplass, eller dersom den avlidne hadde ei spesiell tilknytting til ein bestemt stad.

Kriterium

Det finst visse retningsliner som Fylkesmannen må halde seg til når ein søknad blir vurdert. Desse retningslinene går mellom anna ut på at oskespreiing som hovudregel berre kan tillatast på ope hav og i høgfjellet. Det kan ikkje skje nær busetnad eller der folk elles oppheld seg. Fylkesmannen kan setje fleire vilkår for tillatinga.

Handsaming

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Oppdatert

25.09.2017 19.04.20

Handsamingstid

Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Mottakar

Fylkesmannen i det fylket der ein ønskjer å spreie oska.