Innhegning

Beskriving

Dersom du skal setje opp eit enkelt, ikkje tett gjerde for å skilje av tomta di, treng du vanlegvis ikkje sende inn melding/søknad til kommunen. (Tette gjerde, slik som skjermvegg eller støyskjerm, krev derimot at du får løyve frå kommunen.) Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje fører til urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Tomteeigarar eller tomtefestarar

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Innhegninga må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Innhegninga er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Innhegninga er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplanen eller kommunale bygningsvedtekter

Særskilde vilkår:

  • Innhegning mot naboeigedom skjer stort sett etter semje mellom naboane
  • Innhegning mot veg kan vere maksimum 1,5 m høg
  • Innhegninga må framstå som ein enkel, lett konstruksjon som ikkje er tett
  • Innhegning for husdyrhald i tradisjonelt landbruk utanfor tettbygde strok eller innhegning mot jordbruks- eller skogbrukseigedom skal førast opp i den høgda som er nødvendig for formålet

Klage

Naboar og andre berørte kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket fører til sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje sende inn melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane. Det blir difor tilrådd at du får påvist plasseringa for leidningar og kablar i grunnen før du set opp innhegninga.

Oppdatert

07.03.2012 14.44.33