Helsefremjande heimebesøk

Beskriving

Heimebesøka er individuelle og inneheld gjerne ein samtale om

  • kva slags informasjon du treng
  • kva slags kommunikasjon du ønskjer
  • tips og råd for å oppretthalde god helse
  • tryggleik og sikkerheit i heimen
  • eventuelle behov for hjelp.

Målgruppe

Eldre personar som ikkje tek imot tenester frå kommunen. Den vanlegaste aldersgruppa er dei frå 75–79 år.

Nokre personar er yngre, men er i ein situasjon som gjer at dei har større behov for kontakt. Dette kan vere personar som

  • har mista nokon (ektefelle eller andre i nær relasjon)
  • nyss er utskriven frå sjukehus
  • er pårørande til kronisk sjuke
  • snakkar dårleg norsk
  • takkar nei til besøk
  • viser teikn til psykiske eller fysiske plagar
  • nyttar tryggleiksalarm, TT-kort, o.l.
  • viser teikn til kognitiv svikt
  • har nedsett mobilitet
  • er einsame

Kriterium

Kommunen vel sjølv kva for aldersgrupper som skal få tilbod om heimebesøk.

Handsaming

Kommunane skal ha oversikt over befolkninga sin helsesituasjon, og dei skal velje gode strategiar for å jobbe meir førebyggjande og helsefremjande.

Rettleiing


Du finn informasjon om tilbodet på kommunen sine heimesider eller hos senioresenteret og frivilligsentralen.

Oppdatert

28.02.2018 17.45.17