Film og video - konsesjon for sal og utleige

Beskriving

Skal du drive med sal og utleige av film eller video, må du søkje kommunen om konsesjon.  Konsesjon blir gjeve for inntil fem år. Det krevst ikkje løyve for sal/utleige av film eller video i hotellrom. Konsesjon krevst heller ikkje dersom innhaldet er: 

  • opptak frå offentlege arrangement
  • musikk- eller idrettsstoff 
  • dokumentar- eller nyhendestoff 
  • forskings- eller hobbystoff 
  • opplysnings- eller undervisningsstoff 
  • informasjon om varer og tenester

Målgruppe

Personar som vil drive sal eller utleige av film eller video som næring.

Kriterium

Du må ha fylt 18 år. Du kan ikkje omsetje video til personar som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for filmen. Videogramma må vere registrerte i eit videogramregister i Medietilsynet. Medietilsynet kan vurdere ein video før den blir registrert. Videogramma skal også vere merkte av distributøren.

Pris

Ein må betale ei omsetningsavgift per video til Norsk kino- og filmfond. Stortinget vedtek satsane.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Oppdatert

04.01.2011 14.54.41

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.