Fasadeendring (mindre vesentleg)

Beskriving

Du treng vanlegvis ikkje sende inn søknad til kommunen. Fasadeendringar blir rekna som mindre så lenge endringa ikkje medfører at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra. Dette er også tilfellet dersom bygningsfasaden blir tilbakeført slik han var tidlegare. Oppussing eller vedlikehald av fasadar er i alle tilfelle sett på som mindre endringar.  Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt. Du kan da klargjere at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Huseigarar og bygningseigarar

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen  - og for eksempel krav om innhenting av fråsegner frå kulturminnemyndigheit i byggjesaker innanfor eit område som er regulert til vern

Særskilde vilkår:

  • Fasadeendringa må ikkje forringe heilskapsinntrykket av bygningen eller medføre at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra
  • Bygningen må ikkje ha spesielle kvalitetar ved fasaden som bør takast vare på, og der sjølv små inngrep kan verke øydeleggjande

Kva som blir vurdert som mindre fasadeendringar, avheng av karakteren på bygningen, hustype, alder og plassering. Det vil i nokre tilfelle kunne liggje føre særskild hjemmel for å nekte fasadeendring.

Klage

Naboar og andre involverte kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Sidan vurderinga vil vere knytt opp til dette spesielle tilfellet, bør du i alle fall kontakte kommunen. Dette gjeld i særleg grad dersom eigedommen ligg i eit område som er regulert til vern. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Oppdatert

10.08.2010 16.14.57