Delingsforretning

Beskriving

Delingsforretning tyder å skilje ut ein del av ein fast eigedom, der denne får tildelt eige gards- og bruksnummer. I ei slik utskiljing høyrer det med ei oppmåling (kartforretning – sjå eiga tenesteomtale). Det er kommunen som har ansvaret for å halde delingsforretninga. Unntaket er delingsforretning på bruk som ligg under offentleg jordskifte, og som blir behandla av jordskifteretten.

Styraren for delingsforretninga ser til at det blir merka opp nye grenser i marka i samsvar med løyvet frå kommunen. Styraren kan samtykkje i mindre avvik frå det kartet som løyvet knyter seg til. Dette vil kunne vere aktuelt når den nye eigedomsdelen elles ville ha fått ei form som ut frå tilhøva i terrenget er lite tenleg.

Delingsforretning er trinn 2 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 1 går ut på at du må søkje kommunen om løyve til å dele eigedommen.

Målgruppe

Blant andre desse kan krevje delingsforretning: 

  • Grunneigarar
  • Den som gjennom ein rettskraftig dom er kjend som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer å dele frå
  • Den som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste

Kriterium

Det må liggje føre eit løyve til deling frå kommunen.

Pris

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret.

Handsaming

Den som styrer ei delingsforretning skal melde frå om tid og stad for forretninga minst ei veke før ho skal haldast. Varselet skal gå til den som har kravd forretninga, og til alle som har grunnboksheimel til eller kan godtgjere at dei eig ein grunn som grensar til. Dei som skal kallast inn, kan på førehand godta kortare varsel.

Klage

Dei heimelshavarane, eigarane og festarane som avgjersla får følgjer for, kan klage inn delingsforretninga til Fylkesmannen. Ein kan klage over at ein rekvisisjon på delingsforretning er blitt avvist, eller på sjølve utføringa av delingsforretninga. Klagefristen er 3 veker frå ein har fått melding om vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen, som også kan rettleie.

Rettleiing

Kravet (rekvisisjon) om delingsforretning skal setjast fram skriftleg. Rekvisisjonen skal blant anna opplyse om

  • kva det er som blir rekvirert (delingsforretning, kartforretning over eigedom eller festegrunn, justering av grenser o.a.) 
  • omtale av grensene
  • eigar- og festetilhøve
  • naboeigedommar

Oppdatert

20.02.2012 15.20.14