Bad og våtrom - byggje eller rehabilitere

Beskriving

Ønskjer du å få bygt nytt bad eller våtrom i bustaden din eller få rehabilitert det gamle badet ditt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før kommunen har gitt løyve til det. Søknadsplikten gjeld dersom du skal gjere vesentlege endringar eller reparasjonar, slik som å endre eller fornye membranen. Du må òg søkje dersom du skal føre opp, endre eller reparere røyropplegget. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Krav til søknad og løyve gjeld ikkje dersom du har ein landbrukseigedom og skal byggje eit våtrom i ein vanleg driftsbygning.

Målgruppe

Hus- eller bygningseigarar

Kriterium

  • Nabovarsling må vere gjort før søknaden blir sendt inn. Du kan eventuelt be kommunen frita deg for varslingsplikta dersom tiltaket ikkje har noko å seie for naboen sine interesser
  • Tiltaket må oppfylle forskrift om tekniske krav i byggverk om mellom anna storleik og planløysing

Pris

Du betaler eit gebyr for saksbehandlinga.

Handsaming

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglane (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ei bestemt frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har hatt merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Du vel sjølv om du vil at den ansvarlege søkjaren (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen held fast ved avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
 

Rettleiing

Du må ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil vere ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som eit bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe til med å gjennomføre tiltaket .

Oppdatert

07.03.2012 13.27.00

Handsamingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir broten.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå grannar/tverrbuarar og uttalar frå ei anna styresmakt ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, blir løyvet tatt for gjeve forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.