Møteinvitasjon - områdeplan Sætra og Gjøsund
Giske kommune inviterer med dette grunneigarar, bedrifter og andre interesserte til orienteringsmøte før arbeidet med områdeplan for Sætra/ Gjøsund starter opp:
Torsdag 28.6.2018 kl 1800 - 2000 i kommunestyresalen, Giske rådhus.
Sjå ytterlegare informasjon nedanfor.
Sjå kartvedlegg under.
Saksliste for møtet:
- føremålet med områdeplanleggjing, områdeplan og reguleringsplan
- politisk prosess for arbeidet
- medverknad frå grunneigarar, bedrifter og interessenter i området
- finansiering av arbeidet
Ein områdeplan skal leggje føringar for reguleringsplanar innan for området. Møtet er meint som eit informasjons- og drøftingsmøte før dei formelle prosessane starter. Kommunen håper derfor flest muleg finn interesse i å delta på møtet.
Marit E Larssen
Rådmann Giske kommune
Vedlegg:
Publisert 21.06.2018 15.08