Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister 2023

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 63/13) for 2014, og med heimel i eigedomsskattelova §15, legg kommunen ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 23.02.23.

Listene syner dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnr. (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsar  og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene vert lagde ut på servicekontoret på rådhuset og på kommunen si heimeside.

Kommunestyret vedtok (sak 074/22) å redusere eigedomsskatten til 3 i 2023.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klage på same grunnlag som tidlegare år. Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker (03.04.23).

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Giske kommune, rådhuset,
Valderhaug 4,
6050 Valderøya

E-post: post@giske.kommune.no

For bustadeigedomar der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, skal klage sendast til skatteetaten.

Skatteetaten har adresse:

Skatt Midt-Norge
Postboks 2060

6402 Molde

www.skatteetaten.no/bolig

Eigedomsskatt kunngjering
Tittel Publisert Type
Offentleg ettersyn 2023 - Alminneleg taksering

21.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Offentleg ettersyn 2023 - Alminneleg taksering.pdf
Offentleg ettersyn 2023 - Bustadverdi

21.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Offentleg ettersyn 2023 - Bustadverdi.pdf
Offentleg ettersyn 2023 - Fritak

21.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Offentleg ettersyn 2023 - Fritak.pdf
Rammer og retningsliner for taksering i Giske kommune

Ramme og retningslinjer for taksering i Giske kommune

26.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Rammer og retningsliner for taksering i Giske kommune.pdf
Rammer og retningsliner for taksering i Giske kommune

26.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Rammer og retningsliner for taksering i Giske kommune.pdf
Bustadverdi - Offentleg ettersyn 2024

26.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Bustadverdi - Offentleg ettersyn 2024.pdf
Kommunal taksering - Offentleg ettersyn 2024

26.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kommunal taksering - Offentleg ettersyn 2024.pdf
Fritak - Offentleg ettersyn 2024

26.02.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Fritak - Offentleg ettersyn 2024.pdf