Krav om driveplikt for jordbruksareal 

 Etter lovendring i 2009 er det no krav om at alt jordbruksareal blir drive heile tida, heimla i Jordlova §8. Driveplikt (Sjå utdrag under). Driveplikta er oppfylt dersom du sjølv driv jorda, dersom du leiger jorda vekk til nokon som driv den aktivt eller dersom du har fått fritak frå driveplikta.

hewa  

§ 8.Driveplikt 

“Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd. 

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie ho opp. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og vere skriftleg. Avtaler som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta. Eigaren må sende kopi av avtala til kommunen. Ei leigeavtale som er i strid med andre eller tredje punktum, kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller i høve til offentlege styresmakter. 

Finn departementet at jordbruksarealet ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet”. 

Målgruppe

Eigarar av jordbruksareal (Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite).

Kriterium

Driveplikta kan oppfyllast ved at:   

 -eigaren sjølv driv jorda (kun beitepussing av areala er ikkje godkjent drift av jorda!) 

 -Jorda blir leigd vekk til nokon som driv aktivt 

 -det blir gitt fritak frå driveplikta. 

 

Dersom driveplikta skal oppfyllast ved å leige vekk jorda, blir det stilt slike krav: 

  • Det skal vere skriftleg avtale 
  • Den skal vere på minst 10 år 
  • Avtalen kan ikkje seiast opp av eigar 
  • Avtalen skal føre til driftsmessig gode løysingar 
  • Kopi av avtalen skal sendast til landbrukskontoret 

Driveplikta krev at eigaren sjølv driv eller leiger vekk. Det er likevel opna for å søke fritak. Det kan vere tilfelle for areal som ingen er interessert i å leige, eller eigaren av ulike grunnar ikkje sjølv kan drive jorda. Det må i så fall sendast søknad til kommunen v /landbrukskontoret. 

Handsaming

Det skal gis tilbakemelding til kommunen om korleis driveplikta blir oppfylt. Enten i form av at eigar gir tilbakemelding om at han sjølv driv jorda (beitepussing, oppfyller ikkje krava til drift), kopi av jordleigeavtale eller evnt. ein søknad til kommunen om fritak frå driveplikta.

Frist

Nye eigere av landbrukseigedom har 1 år frå overtaking av landbrukseigedommen til å finne ut korleis ein vil oppfylle driveplikta.

Les meir om driveplikt her. 

Viktige lenker

Ukraina