Viktig informasjon om 17. mai-feiringa

Alle bør avgrense sosial kontakt i størst muleg grad. Du bør ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar i tillegg til dei du allereie bur saman med.

 

Dersom alle gjestane er frå same husstand kan ein ha fleire enn fem, for eksempel dersom det er to foresatte/foreldre og fire born. Dette gjeld både innandørs og utandørs.

Ein må likevel ikkje vere fleire enn at man kan halde avstand. Beskytta personar, som til dømes fullvaksinerte, kan ha meir sosial nærkontakt med andre og reknast heller ikkje inn i talet på gjestar du kan ha på besøk.

Om besøk i heimen:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/rad-for-koronahverdagen/#sosial-stotte-og-hyggelige-aktiviteter

Folkeansamlingar: 

Annonserte talar, 17. mai-tog, leikar, kransenedlegging og liknande vert omfatta av reglane om arrangement i Covid-19 forskriften. I kommunar der det ikkje er tillatt med arrangement (gjeld Giske, Sula og Ålesund) kan korps og kor som normalt øver saman framføre musikk eller marsjere i gatene utan at det annonserast på førehand slik at man unngår ansamlingar av publikum. På 17. mai, som elles, gjeld dei overordna råda om å halde seg heime når man er sjuk, halde avstand og halde hendene reine.

Meir detaljert informasjon i lokal forskrift som gjeld til 18. mai.