Lokal forskrift ved Ålesund lufthavn, Vigra,

Lokal forskrift om påbod om bruk av munnbind ved Ålesund lufthavn, Vigra. 

 

Forskrifta har verknad frå 02.12.2021 til og med 01.02.2022. Virkeområde er publikumsareal ankomst utland i teminalbygget ved Ålesund lufthavn, Vigra.

Heimel: Vedteke i beredskapsleiinga i Giske kommune 01.12.2021 med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 førsteleddbokstav a og c, jf. Kommunen sitt delegeringsreglement, jf. kommunelova § 11-8, delegert mynde til beredskapsleiinga i sak 21/6894- tillegg i delegeringsreglementet § 11-8 hastesak i samband med covid-19.

§ 1: Iverksetting

Forskrifta trer i kraft frå 02.12.2021 med verknad til og med 01.02.2022. Kommunen kan forlenge, oppheve og endre forskrifta.

§ 2: Verkeområde

Giske kommune, publikumsareal ankomst utland i teminalbygget ved Ålesund lufthavn, Vigra.

§ 3: Føremål

Forskrifta sitt føremål er å setje i verk smittevernfaglege tiltak for å hindre eller begrense spredning av Covid-19 i befolkninga.

§ 4: Unntak frå forskrifta

Påbodet gjeld ikkje for personar under 12 år og personar med medisinske tilstandar som vil ha unødig ulempe av å bruke munnbind.

§ 5: Straff

Forsettlig eller uaktsom overtredelse av bestemmelsar i denne forskrifta vert straffa med bøter eller fengsel inntil 6 måneder jf. smittevernloven § 8-1.

Den lokale forskrifta til Ålesund, Sula og Giske kommune opphøyrer onsdag 12. januar 2022 klokka 12.00. Det er dei nasjonale reglane som gjeld framover.