Tre i isolasjon

Ein ny person har avgitt positiv koronatest. Søndag vart vedkomande og hans to nærkontaktar sett i isolasjon.
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Dei tre har vore i karantene på Airport hotell på Ytterland sidan ankomst frå Storbritannia torsdag. Dei tre vart sett i isolasjon umiddelbart etter prøvesvar. Ny prøve vert sendt måndag.

Dei tre seier dei ikkje har vore i kontakt med lokalbefolkninga anna enn hotellpersonale sidan dei kom. På karantenehotellet har smittevernreglar, der alle brukar munnbind, blitt overhalde. Romma blir desinfisert etter gjeldande prosedyrer.   

Måndag vert alle på karantenehotellet testa på nytt.

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen opplyser at prøve også er sendt inn til analyse for å få svar på om det kan vere snakk om det muterte viruset. Det vil ta noko tid før ein får svar på dette.