Status Giske kommune mandag 20. april

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Ingen nye smittetilfeller i Giske denne helga. Nokre isolerte, men totalt sett ser situasjonen veldig bra ut.

Andre tema i dag: Barnehagestart, Bruk utevett, Idrettshallane er framleis stengt

Barnehagestart

Tirsdag 21. april er alle barnehagane igjen i drift. Det vert litt nedkorta åpningstid, men alle vil vere i drift. Her er det viktig at foreldra held seg orientert om kva reglar som gjeld når det gjeld levering og henting av barn, og kva rutiner den enkelte barnehage hår i samband med måltid i løpet av dagen.

Det er og innført nye rutiner for reinhald. Det er viktig at andre ikkje brukar leikeområda ved barnehagane i tida då barnehagen ikkje er i drift.

Bruk utevett

Fineversdagar innbyr til uteliv. Det er flott for alle. Det er likevel grunn til å minne om reglane ein skal fylgje.

Ikkje store grupper. Hald avstand. Skal du bruke ball, ha ein ball til kvar og ikkje del.

Det er viktig at ein desse dagane unngår store samlingar av folk. Alle har gjort ein kjempejobb for å få korona-smitten under kontroll. La oss ikkje sleppe opp dette no. Det kan koste oss dyrt.

Idrettshallane stengt

Åpning av skule og barnehage krev mykje av reinhaldsavdelinga i kommunen. Nye rutiner er innført og krava til ekstra reinhald av alle kontaktflater er omfattande. Dette gjer at ein har beslutta at inntil vidare er dei kommunale idrettshallane framleis stengt.