Status Giske kommune 16. april kl.12.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bileteIngen nye bekrefta positive smittetilfella av koronaviruset. Nokre både på institusjonane og i samfunnet elles er i isolasjon.

Barnehagestart tirsdag

Barnehagane i Giske vil åpne for drift tirsdag 21. april. I starten vil åpningstidene bli noko endra i forhold til det som har vore normalt. Dette vil og variere litt frå barnehage til barnehage. Her er det viktig at foreldre tek direkte kontakt med barnehagen for å få avklart konkret åpningstid.

Ei av endringane vil verte knytt til måltid. Her er det viktig at alle barn et frokost heime før barna starter dagen i barnehagen. Bakgrunnen for dette at at ein no tek sikte på at barna vert henta ute og at ein starter dagen med ei uteøkt. Det vil og verte noko ulik praksis når det gjeld måltid gjennom dagen. Her vert foreldre informert direkte om kva rutiner som gjeld.

Foreldre må og merke seg at det kan verte nødvendig at barn blir henta frå barnehagen på kortare varsel enn det som har vore normalt. Dette fordi ein no må vere strengare på at tilsette i barnehagen som har sjukdoms-symtom skal gå heim frå jobb.

Ein hovedregel det er grunn til å minne alle på: Barn som ikkje er friske skal vere heime. Det samme gjeld vaksne.

Og ver sikre. No gleder både store og små seg til å møtes.

Lenkjer: